I stadig utvikling
© Simen Berg

© Simen Berg

Historia vår

Frå jordbruk til ein destinasjon med skianlegg, 400 fritidsbustader og hotell med 112 rom på 10 år.

I januar 2003 opna me vårt fyrste skitrekk. På den tida stod dei lokale damene for heimelaga mat i brakkeriggen like ved parkeringsplassen. Skiutleiga fann ein vegg i vegg, og skiskulen på benken utanfor. Det fyrste året var miljøet så lite at dei fleste var på fornamn med kvarandre – både tilsette og gjester.

Då dagleg leiar Nils Akselberg oppsummerte sesongen for dei ni tilsette la han fram storstilte planar for den vidare utviklinga. Med ein heilskapleg plan i botn var strategien å bygga stein på stein og presentera noko nytt kvart einaste år.

Dei store milepælane har sidan den gong vore Myrkdalstovo (2006), Kari Traa-trekket (2007), Myrkdalsekspressen (2008), Myrkdalen Hotel (2012)  og ny 6-setar stolheis (januar 2014). I takt med dette har ein bygd ut om lag 400 hytter og leiligheiter for dei som ynskjer sitt eige krypinn. Det har vore over 10 år med rivande utvikling!

I dag er Myrkdalen Fjellandsby AS eigd av Schage Eigedom, Grendal Holding og Aurland Ressursutvikling.

Samarbeid og mange timar med god, gamaldags dugnadsånd har vore sentralt i utviklinga. Både mellom oss som jobbar her, dei fastbuande og etter kvart dei mange eigarane av hytter og leilegheiter.

Framtidsplanane er mange for Myrkdalen Fjellandsby. Me er stolte av å kunne seie at me er ein destinasjon i stadig utvikling og ekspansjon.