Fleksible løysingar
  • © Nils Petter Dale

    © Nils Petter Dale

  • © Kyrre Wangen

    © Kyrre Wangen

  • © Nils Petter Dale

    © Nils Petter Dale

  • © Daniel Rönnbäck

    © Daniel Rönnbäck

Møterom og salar

Me har lagt vekt på å vera fleksible og kan tilby ein stor sal eller to mellomstore, og tre mindre grupperom i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel. I tillegg kan me leggja til rette for dykkar møte i ein av våre suiter.

Den største salen vår er 180 kvm og rommar 190 personar i kino-oppsett og 120 personar i klasserom-oppsett. Salen kan verta delt inn i to mindre einingar som tek 60 / 90 personar i kino-oppsett eller 44/ 76 i klasserom-oppsett.

Me har tre ulike møterom til disposisjon. På desse varierer oppsettet frå styrebord, u-bord, klasserom eller kino-oppsett og høver for små eller mellomstore grupper opp til ca 25 personar. Her er me fleksible og ordnar ei løysing som høver for ditt møte eller kurs. Om du ynskjer eit anna alternativ lagar me gjerne i stand ein av våre suiter som arena for møter for deg.

Både salar og møterom har takmonterte prosjektørar og integrerte løysingar for lyd og lys. I tillegg har dei teleslynge, og videokonferanseutstyr. Det er trådlaust nettverk på heile hotellet.

Om de treng noko anna utstyr er det berre å kontakte oss så får me det på plass.