Nytt i år:
Gullbanden fordelsprogram
Med sesongkort Myrkdalen får du ikkje berre tilgang til fantastisk skikøyring, nypreppa løyper og ein lang og snørik sesong. Du får også:
- 10% Rabatt på alle kaféar og restaurantar i Myrkdalen Fjellandsby*
- 20% Rabatt på skiservice og leige av skiutstyr
- 30% Rabatt på Open Klasse
- 15% Rabatt på Vossvind
- 10% Rabatt på skiundervisning hjå Myrkdalen Aktiv
- 10% Rabatt på aketur hjå Myrkdalen Aktiv
- 10% Rabatt på sommaraktivitetar hjå Myrkdalen Aktiv
- 20% Rabatt på alle varer i Myrkdalen Brandstore & Sport 1 Myrkdalen
- 10 kr for filterkaffi på velkomstsenteret i 1.etasje Myrkdalsstovo
- Open dag i skredsøkarbana for sesongkorthaldarar
- Mange gode tilbod gjennom heile sesongen
*Gjeld ikkje alkohol
Vis fram sesongkort med Gullbanden klistremerke på når du betalar. Klistremerket kan du henta ut i billettluka på velkomstsenteret vårt i Myrkdalsstovo. For rabattar på Myrkdalen Aktiv sin skiskule vil du få tilsendt eigen rabattkode på mail.
Merk deg:
- Valfrie skikort vert trekt ein dag på kveldskøyring dersom skikortet ikkje har vorte nytta tidlegare på dagen.
- Born under 7 år køyrer gratis ved bruk av hjelm, men merk at dei må ha eige Key Card.
- Skikort er kun gyldig den sesongen dei vert kjøpt. Til dømes – restturar på eit klippekort kan ikkje nyttast neste sesong.
- Grupper på over 20 personar kan få rabatt ved ein transaksjon. Det vil seie samla oppgjer og førehandstinging til post@myrkdalen.no
- Billettar som ikkje blir brukt pga dårleg ver, føre eller teknisk feil som straumbrot, etc. vert ikkje refundert.
- Heiskort er personleg og kan ikkje overdragast til andre.
- Mista heiskort vert ikkje erstatta.
- Ved misbruk eller brot på dei alpine løypereglane blir kortet inndratt.
- 40% rabatt på dagskort for studentar og vernepliktige kvar dag. Gjeld studentar/vernepliktige over 18 år. Mot framsyning av studentbevis og betalt semesteravift eller verneplikt id-kort i billettluka.
- Dagar med studentrabatt kan bli endra dersom det vert restriksjonar på kapasitet grunna til dømes pandemi.
- Kveld er inkludert i fleirdagarskort.
- Skal du ta skibussen i helger? Meld deg på her
Sjå prisliste her