Overnatting og mat

Nye Myrkdalen Hotel ligg perfekt plassert ved foten av skiområdet. Arkitektane har blitt inspirerte av internasjonale fjellhotell i Østerrike og Sveits – både interiørmessig og når det gjeld tilboda inne. På Myrkdalen Hotel skal du kjenna deg som gjest på eit hotell av internasjonal klasse, med ein gjestfridom som du berre finn akkurat her hjå oss. I Myrkdalen kan du også bu godt i leilegheiter og hytter av ulik storleik, alle med høg standard.

I Myrkdalen Fjellandsby finn du ei rekkje gode serveringsstader – frå den finaste A la Carte – restauranten på Myrkdalen Hotel til den sjarmerande stølen Vetlebotn midt i anlegget. Det er berre å velja og vraka!