Skisenter

Myrkdalen har dei siste åra vore på lista over dei mest snøsikre skisentra i Europa. ”Når det regnar i Bergen, snør det i Myrkdalen”, seier folk her oppe. Pudderalarmen går titt og ofte – det er berre å nyta – på ski eller brett.

Denne vinteren har me fått ein ny 6 seters stolheis som vil dobla kapasiteten i anlegget. Den nye stolheisen – Storhaugsekspressen opna i januar 2014 og tek deg opp i 992 meters høgde og frigjer eit nytt stort boltreområde for skientusiastar. Me er stolte over å sei at me no vert den mest komplette skidestinasjonen i regionen med 8 heisar og 20 løyper å tilby våre gjester!

I tillegg til dei to stolheisane er det tre t-krokheisar, to tallerkentrekk og sjølvsagt har me barnebakkar med saktegåande rulleband for dei aller minste. Så snart det er snø nok, vert det opparbeidd terrengpark med bigjumps og rails i ulike variantar.

Me legg til rette for skientusiastar – på alle nivå!