Undervisning for alle
© Turid Soldal

© Turid Soldal

Skiskule

Skiskulen i Myrkdalen tilbyr aktivitetar og opplæring på ski. Skiskulen vår er ein av skiskulane i landet med høgast kompetanse og utdanning, noko me er stolte av.  

Instruktørane er i alle aldrar, med ulik yrkesbakgrunn i tillegg til ei solid instruktørutdanning frå Den Norske Skiskole. Samansetninga av instruktørar er ung entusiasme blanda med lang og variert erfaring. Me legg vekt på at det skal vera moro på ski, anten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek. Våre privattimar vert spesielt tilrettelagt for kvar enkelt gjest.

Me underviser på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark. I tillegg til tradisjonell skiundervisning tilbyr me ulike skredkurs, coaching og guida turar. Ta kontakt eller stikk innom for ein uforpliktande prat!

Me samarbeider med:

Den norske Skiskole: www.snowsports.no
Norges Skiforbund: www.skiforbundet.no
ISIA -International Ski Instructors Association: www.isiaski.org