@Myrkdalen

Nysnø igjen i Myrkdalen. Torsdag er det komme ca 30 cm oppe og 17 cm nede. Det er lettbris -2 oppe, 0 grader og snøbyger nede. Velkommen

(18.12.14 06:43)
Kjøp
heiskort
Webcam Finn fram til Myrkdalen Gje meg
sommar
Kom i Myrkdalstemning:
FLYT/ LEIK/ RO/ PULS
Kom i Myrkdalstemning:
FLYT / LEIK / RO / PULS
flyt

Flyt for meg er når ein står på ski i tørr, djup snø og ein gløymer kva som skjer rundt seg. Ein blir vektlaus.

Kjetil Isaksen, råskinn på ski

Myrkdalen har så mykje terreng at ein alltid finn god snø og ofte har ein den så og sei heilt for seg sjølv. Det er ekstra fint at ein kjem seg kjapt ned til skog, og skogskøyringa er veldig bra. Det er ei spesiell kjensle å koma her tidleg om morgonen, gjerne midt i veka når det ikkje er så mykje folk. Ein sklir ut av anlegget og kjem ned i skogen og blir møtt med utrulege mengder snø og ein køyrer så mykje ein makter og klarer. Så gjeld det å koma seg kjappast mogeleg tilbake for å gjera det ein gong til!

Myrkdalen er mellom dei stadene i Noreg det fell aller mest snø. Det har stadig fleire oppdaga, både frikøyrarar og andre skiglade. Me gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.

Foto: Kyrre Wangen / Framside: Sverre F. Hjørnevik 

 

Kom i Myrkdalstemning:
FLYT / LEIK / RO / PULS
leik

Eg kan ta Kråniheisen opp og så køyrer me ned til Mørkvestølen og så køyrer me ned, ned, ned og så finn eg mange hopp lengst nede som me hoppar på og så kjem det eit brunt hus og der er vårt hus.

Hedda (7år), bur i Myrkdalen

I Myrkdalen har me lagt til rette for at alle skal ha det kjekt. Barneområdet ligg rett ved parkeringa og i skiparken kan dei unge tøya grenser. Me gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.  

Foto: Kyrre Wangen / Framside: Silvano Zeiter

Kom i Myrkdalstemning:
FLYT / LEIK / RO / PULS
ro

For meg er ro å gå lang fjellskitur på fantastisk føre og berre vera i naturen. Bu ute i telt. Det enkle friluftsliv.

Ragne Elise Berre, friluftsentusiast

Eg hugsar ein tur i vinter, på fjellski til Finnbunuten. Himmelen var knall blå, det var dørgande stilt og me tok Kari Traa-trekket heilt opp. Så gjekk me opp på toppen og sat der og såg utover den vakre Stølsheimen og åt matpakka – tenkte at dette er livet slik det skal vera. På fjellski køyrde eg ned att i pudder og sol. Fin dag.

Ein kan starta så mange turar frå Myrkdalen – dagsturar eller fleirdagsturar i Stølsheimen og fjella rundt Sognefjorden. Å sjå ned mot fjorden frå ein fjelltopp er noko eg unner alle.

Myrkdalen ligg midt i eit mektig landskap av fjell og fjord –  meir enn stort nok til at du kan kjenna deg liten – på den gode måten. Myrkdalen gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur. 

Foto: Kyrre Wangen / Framside: Daniel Rönnbäck

Kom i Myrkdalstemning:
FLYT / LEIK / RO / PULS
puls

Den perfekte dagen er å ta fyrste heis opp og sjå sola skina på Lønahorgi. Løypene er nydeleg preppa, det har vore frost på natta og eg er så og sei åleine i bakken. Eg kan boltra meg i løypene og køyra lange svingar på skjer.

Knut Kettermann, direktør Myrkdalen Hotel

Å utfordra meg sjølv i naturen gjev ei kjensle av balanse. Pulsen stig men du kjenner deg likevel utkvilt. Du får store påfyll med energi. Det unike med Myrkdalen er at landskapet er så ope og variert – og stort! Med den nye stolheisen byr me på meir krevjande løyper. Det likar eg!

Du finn nok å bryna deg på i Myrkdalen. 21 nedfartar med ulik vanskegrad, flotte langrennsløyper og ein fjellheim som skapt for toppturar. Me gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur. 

Foto: Kyrre Wangen / Framside: Daniel Rönnbäck