Pudder og frikjøring i Myrkdalen

Skiferie Noreg: Pudder til frukost - fjord til kvelds

Få den ultimate skiferien i Noreg saman med gjengen din. Utan å måtta reisa utanlands kan de oppleva eit pudderparadis som gir gåsehud og eit kick utan like.

Besøk Myrkdalen – Det komplette vinterparadiset med høge snømålingar i Vest-Noreg.

 

Historisk sett skil Myrkdalen seg ut for sine høge snømålingar, og vart nyleg kåra til ein av verdas ti beste* stader for pudderkøyring.

Forslag til 5 dagars reiserute for den perfekte ski- og fjordferien finn du nedst på sida.

 

Bestill overnatting i Myrkdalen

Youtube video image

Myrkdalen Hotel vinter

Skiferie i Myrkdalen

TIPS: Reis til Myrkdalen midt i veka når det er færre folk. Då har du fjellet nesten heilt for deg sjølv.

Bestill Knalltilbod Midtvekepakke

Ynskjer du å vera her lenger, og få mest mogleg ut av vintereventyret mellom fjell og fjord, kan det lønna seg med eit vekesopphald.

Bestill vekesopphald

Myrkdalen Hotel med ski inn - ski ut

Med ski inn - ski ut Myrkdalen Hotel like ved bakken er det berre å spenna på seg skia etter ein god frukost og skli rett ut i nypreparerte løyper.

Hotellet tilbyr fleire hotellpakkar til gunstige prisar - og med skikort inkludert.

 

Komplett alpinsenter mellom fjell og fjord

Pudderparadiset Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg, midt i eit mektig landskap av fjell og fjord. Løypene er alltid nypreparerte og urørt snø er berre nokre stavtak unna. Her er lett å koma til – 2 timar frå Bergen og 5,5 timar frå Oslo.

Den vesle dalen utanfor Voss er kjent for å vera ein komplett og snøsikker destinasjon som mange har på bucket-lista si, og fleire og fleire ski-entusiastar frå inn- og utland har funne vegen hit dei siste åra.

Det er dei velpreparerte løypene og urørt pudder som har stått høgt i kurs

meiner Klaus Finne frå Voss. Han er tidlegare landslagsutøvar i freestyle og jobbar no som innhaldsprodusent i Myrkdalen.

- I tillegg har du alt du treng i nærleiken - Frå restaurantar, kaféar og barar til sportsbutikkar, skiutleige og treningssenter. Her er også eit mangfald av ulike aktivitetar, både med og utan ski på beina, fortel han vidare.

 

Restaurantar - Mat og drikke er også trekkplaster

Mat og drikke i Vetlebotn
Fjellstova Vetlebotn: Kortreist mat og drikke

Når du treng energipåfyll mellom skikøyringa, er det fleire serveringsstader i området. Koselege Fjellstova Vetlebotn midt i bakken byr på fantastisk utsikt og herlege varme rettar basert på gode kvalitetsråvarer.

I Myrkdalsstovo Velkomstsenter får du den unike signaturretten Skikøyrar-sandwich som har blitt særs populær blant skigjestar på farta, og ynskjer du ein unik og smakfull 3-rettar middag er det Restaurant Nuten som gjeld.

 

Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.

(Bergens Tidende 7. april 2022)

 

Finn alle serveringsstadene her

 

Så er det afterski neste

Kamben Kafé og Bar
Kamben Kafé og Bar

Når skidagen er omme er "afterski lounge" på Kamben Kafé og Bar eit heitt tips. Her kan du velja mellom eit stort utval øl frå lokale bryggeri, og på skjermane kan du få med deg fotballkampar og andre sportssendingar.

I helgene er det Pudder Afterski som gjeld, der DJ-en sjølvsagt sørger for å få feststemte skigjestar ut på dansegolvet!

Rå skikøyring og dei beste linjene

 

Gjennom skisesongen er Myrkdalen blant norske skistader som tronar høgast på snømålingane.

- Ein kvar topptur-entusiast kan få oppfylt sin våte draum om spennande frikøyringsmoglegheiter, seier Klaus og smiler entusiastisk.

Han veit kva han snakkar om. Han er nemleg ein av dei som jaktar ivrig etter dei beste linjene, og kan ikkje få nok av rå skikøyring.

TIPS til topptur:

  • Bjørndalskamben (1402 moh)
  • Finnbunuten (1358 moh)

Begge tek utgangspunkt frå skisenteret og er flotte dagsturar som byr på fin utsikt.

For deg som ikkje er så godt kjent i området er det mogleg å få skreddarsydd draumetoppturen med guide.

Bestill kortferie til Myrkdalen og Flåm

 

Flåmsbana

TIPS til skientusiasten: Er det éin ting du ikkje bør gå glipp av når du fyrst reiser på skiferie i Vest-Noreg, er å ta den ikoniske Flåmsbana. Hopp så av toget på Vatnahalsen og førebu deg på årets råaste skikøyring med fine nedfartar i alle himmelretningar!

Det er også fine forhold for fjellski, dersom du føretrekk det. Gå langs Rallarvegen, ta ein runde rundt Reinungavatnet eller få utsikt frå Reinunga eller Skjebergsnuten.

- Me formidlar gjerne kontakt til sertifiserte fjellførarar om nokon ynskjer det, seier Klaus.

Nærøyfjorden utsikt
Flåmsbana i vinterlandskap
Nærøyfjorden

Kontrastfylte opplevingar

Omkransa av fjell og fjord har gjeve Myrkdalen eit særpreg som byr på kontrastfylte opplevingar.

Klaus fortel at det ikkje berre handlar om fartsfylt skikøyring, pudder og strøkne løyper.

Me byr også på fleire aktivitetar utan ski på beina, og berre 35 minutt unna kan du få spektakulære og eksotiske fjordopplevingar som Vest-Noreg er kjent for.

Bestill kortferie til Myrkdalen og Flåm

Fjord Sauna i Flåm

Klaus avsluttar med eit smil:

Flytande badstue med den fjordutsikta må vera den perfekte avkoplinga etter aktive dagar på ski.

 

Pudder til frukost og fjord til kvelds!

Klaus Finne i Myrkdalen

 

Klaus sine tips til 5 dagar ski- og fjordferie

Klaus deler tipsa sine til ein perfekt 5-dagar tur som lar deg kombinera ski-eventyr og unike fjordopplevingar.

DAG 1

DAG 2

DAG 3

DAG 4

  • Flåmsbana og frikøyring i fjella rundt Vatnahalsen ELLER Flåmsbana og Fjordcruise på Nærøyfjorden
  • Middag på Fretheim Hotel
  • Ølsmaking på Ægir Bryggeripub

DAG 5

Bestill kortferie til Myrkdalen og Flåm